Offisiell nettside om kommunesamanslåinga opna i dag

No kan du gå inn på nettet og lese om begge alternativa når det gjeld kommunesamanslåing.

Det du finn på denne nettsida er mykje det same som vil stå i papirbrosjyren som kjem førstkomande onsdag. Du kan òg klikka vidare og lese heile intensjonsavtalen.

Nokon vil nok meine at avtalen er for negativ med omsyn til kva konsekvensane det vil få om me fortsett som eigen kommune. Andre vil nok meine at den andre sida kjem for lite fram. Men no er det opp til den einskilde å lese både denne og andre innspel på nettet – og så gjere seg opp ein meining sjølv.

Ein ting er i alle fall sikkert: Folkeavstemminga 25. april vert avgjerande, så då kan det jo vere greitt å bruke litt tid på dette, så ein, så langt det er mogeleg, veit kva ein stemmer på.

Nettsida som er utarbeidd av webdesignfirmaet Sydvest AS finn du her.

Assisterande rådmann Andreas Moe Larsen studerer den nye nettsida. Foto: Håkon C. Hartvedt