Birgitte Rydland Sæbø med ein av femlingane. Foto: Kjetil Rydland.

Femlingar blant påskelamma

Påska er høgsesong for lemming, og på Rydland nedkom ein norsk kvit sau med femlingar andre påskedag.

Femlingar synest me er ein aldri så liten sensasjon. Men heilt uvanleg er det visst ikkje, om me skal tru saueeigar og veterinær Karen Elisabet Rydland Sæbø.

– Men at dei lever opp, er spesielt, seier den ivrige saueeigaren.

Ho har hatt sauer som har fått femlingar før, men ho har ikkje fått alle til å leva opp. Denne gongen ser det lovande ut for dei fem små krypa som sau nummer 515 fødde på andre påskedag.

Saueeigaren seier dei truleg kan takka henne for livet. Ho var nemleg til stades under fødselen og hjelpte til. Når dei er så mange, har dei ein tendens til å komma litt hulter til bulter. Derfor måtte veterinæren styra køen av lam som ville ut or mors liv.

– Det kom fleire hovud på ein gong, og hadde eg ikkje vore på plass og hjelpt til, hadde det ikkje gått bra, seier Karen Elisabet til Fitjarposten.

Då me besøkte dei to dagar gamle femlingane, så dei ut til å ha det bra. To av dei er med mor si framleis. Eitt av dei blir mata med flaske, og kan nok enda som kopplam. Om det ikkje ser like heldig som dei to siste. Dei fekk nemleg ei fostermor dagen etter at dei var fødde. Ein annan sau i flokken fekk nemleg to misdanna lam som ikkje kunne leva opp. Saueeigaren var til stades under denne fødselen også, og var kjapp å erstatta dei to lamma hennar med to av dei omtalte femlingane. Og ho godtok dei straks som sine eigne.

– Det gjekk bra fordi eg var på staden og fekk ordna det så fort, seier Karen Elisabet.

Alt såg ut til å vera fryd og gaman både blant små og store i smalagardane i gamlefloren til Lars J. Rydland då me var der i kveld. Men sprekkeferdige sauer står i kø for å lemma, så både saueeiugar Karen Elisabet – og dei gode hjelparane hennar – går travle dagar i møte. Men sjølv ser ho ut til å lika seg betre i sauefjøset enn dei fleste andre stader.


Birgitte på fem år er med og matar lamma. Foto: Kjetil Rydland.


Villsaulammet Pjusken begynner å bli nokre dagar gammalt, men veg neppe mykje enn eit kilo. Foto: Kjetil Rydland.


Ein fin flokk norsk kvit sau er klar til å lemma. Foto: Kjetil Rydland.


Kjem ikkje slaktebilen snart? Ein stor flokk kje fyller ventetida med å følgja med på lemminga i floren på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.