Årets første hestehov i full blomst. Foto: Kjetil Rydland.

Sjå kven som blømer – det er vår!

Eit sikkert teikn på at våren er i anmarsj fekk me i ettermiddag då me kom over hestehov i vegkanten på Rydland.

Det er ingen sensasjon at hestehoven blømer i slutten av mars; det er vel så normalt som det kan bli. I fjor var han vel tre veker tidlegare, men då hadde me knapt hatt vinter.

Vanlegvis blomstrar hestehoven i perioden mars–mai.Han er ein av dei tidlegaste vårblomane. Når blomstringa er ferdig, kjem blada, store nyreforma rosettblad som står heile sommaren. Dei er 15–20 cm store, og kveler lett andre planter.

Hestehoven har mange namn, blant anna leirfivel og følfod (dansk), og på latin har han det velklingande namnet tussilago farfara.


På Kringjen (ja, kor er no det?) kom me i dag over denne buketten som kikka forsiktig fram i lyset. Me finn det så gledeleg at me ønskjer å dela synet med allmugen. Foto: Kjetil Rydland.