Folkerøysting – kva så?

Illustrasjon: Google

Som kjent skal det vere folkerøysting om kommunesamanslåing 25. april. Men kva så? Det spørsmålet har Fitjarposten stilt til gruppeleiarane i dei einskilde partia.

Agnar Aarskog i Ap er heilt tydeleg på at dei vil la folkerøystinga bestemme uansett. – Må har sagt at me vil lytte til folket. Då vert konsekvensen at me bøyer oss for fleirtalet, sjølv om det skulle enda opp med eit simpelt fleirtal på 51 mot 49 prosent for eller mot.
– Så er det å vone at folk tek til seg informasjon, og ikkje berre det, men at dei og tenkjer sjølv og kjenner på sine eigne kjensler, seier han.

Sigurd Andre Maraas (Frp) seier at dei vil gjere det som er best for kommunen. – Me er i utgangspunktet for samanslutning, men til sjuande og sist er det medlemsmøtet me skal ha etter folkerøystinga som vil avgjere kva me skal gjere i denne saka ut ifrå ei heilskapsvurdering.

Arne Prestbø (H) fortel at deira gruppe vil gjere som Ap. – Me har hatt eit godt medlemsmøte med godt frammøte og er samde om at dette er ei så stor sak at me må lytte til folket, og at me vil bøye oss for det fleirtalet av bygdefolket seier i folkerøystinga. Samstundes er me svært opptekne av å få ut kunnskap og fakta som presenterer begge alternativa på ein skikkeleg måte, seier han og syner til brosjyren som kjem på onsdag.

Grete Marit Veka Maraas (Sp) syner til programmet deira som tydeleg seier at dei skal lytte til folket. Som Ap og H vil dei òg bøye seg for eit simpelt fleirtal. Men Sp er òg oppteken av at begge alternativa vert presentert skikkeleg. I tillegg nemner ho dei som bur vekke, men som gjerne vil vere med å stemme. – Det er veldig viktig at dei får vite at dei kan stemme per brev, understrekar ho.

Harald Rydland (KrF) er på ferie i Afrika og skal vere der ei veke til. Men han seier i ein sms til Fitjarposten at dei har snakka mykje om dette i KrF, og at han vil skrive ei oppsummering av det dei har kome fram til når han kjem heim. – Saka er komplisert å ta stilling til, sidan den har så mange ukjende faktorar, legg han til.