Gudsteneste på slippen i Dåfjorden

Salmesong i hallen. Foto: Harald Johan Sandvik

I år var det tredje gongen det var gudsteneste inne på verftsområdet.

– Velkomen til gudsteneste. Foto: Harald Johan Sandvik

For to år sidan var gudstenesta på plattingen mellom dei to slippane. Det var ein solrik vårdag, og ei skipsklokke var kyrkjeklokke.

I fjor og i år var gudstenesta inne i verkstadhallen, som var rydda og reingjort. Folk kommenterte det reine golvet. Det var meir enn dei kunne venta i ein slik hall!

Hallen var fullsett, og det var over 80 menneske til stades då sokneprest Olav Johannes Oma ynskte velkomen. Han takka Steinar Andersen for all velvilje og for at dei stiller området og hallen til disposisjon. Samtidig presenterte han den nye kyrkjelydspresten, Fridleif Lydersen, som skulle halda preika.

Preika
Preiketeksten var frå Lukas 24, då Jesus synte seg for læresveinane etter oppstoda. Fridleif minna om at påskehelga starta med palmesøndag, då folk hylla Jesus og tok imot han som ein konge. Men Jesus var konge av ein heilt annan dimensjon. Skjærtorsdag synte han seg som tenaren, då han vaska føtene til læresveinane før han stelte til nattverden. Kvifor valde ikkje Jesus ut vener som var flinkare? Ein av dei sveik han, og dei andre rømde. Difor vart Jesus åleine på langfredag. Peter fornekta Jesus, men nettopp han skulle Jesus bruka til å leia kyrkja i byrjinga. Han var eit heilt vanleg menneske som deg og meg. Då Jesus døydde på korset, trudde alle at no var alt slutt, og læresveinane låste seg inne. Brått stod han midt mellom dei i rommet, og dei kunne ta på han! Han var verkeleg og levande! No vart forstanden deira opna, og dei skjøna at det var sant alt det han hadde fortalt dei.

Det er viktig å ha Jesus med i dette livet. Me får ulike dagar, men Jesus gir oss sin fred alle slags dagar! Jesus stod opp og har vunne oss eit evig liv! 

Fridleif Lydersen preikar. Foto: Harald Johan Sandvik

Takkoffer til Dåfjord bedehus
Takkofferet gjekk til Dåfjord Bedehus, og det vart samla inn i to arbeidshjelmar! Til postludium song Eirin Moldestad Oma solo, medan Ingvild Moldestad Oma og Dagfinn Brekke spelte. Dei to sistnemnde stod for musikken i gudstenesta.

Folket i Dåfjorden hadde laga til ein lekker kyrkjekaffi, med eit stort kakebord. 

Musikarane: Dagfinn Brekke og Ingvild Oma. Foto: Harald Johan Sandvik

Båtane
Etterpå måtte båtane inspiserast, både på slippane og ved kaiane. Verftet fyller 100 år i år! «Granvin» står på slipp for ein stor reparasjon, og «Vestgar» på den største slippen skal få nye bunnstokkar og tanklok. Ved kai ligg «Tysnes» som får ein heil jobb i år, rutebåten «Solundir», fraktebåten «Ekar» som til vanleg ligg i Haugesund, det vesle tankskipet «Bjørn» som var bygd i 1867, og som frå 1873 til 1956 var »Dampsprøyte 1» i Bergen. 

No låg også m/f «Hardangerfjord» ved kai. Den var ny i 1953, og  var den andre reine bilferja HSD bygde. Frå 1959 og resten av HSD-tida heitte den «Vøringen», og på slutten av 1970-åra var den ofte å sjå våre kantar. No er den i privat eige.

M/F «Hardangerfjord». Foto: Harald Johan Sandvik

M/S «Granvin»: Foto: Harald Johan Sandvik

M/S «Vestgar». Foto: Harald Johan Sandvik