Grilling og koking av påskeegg

Alltid kjekt med bålpanne. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tradisjonen tru arrangerte Fitjar Søndagsskule grilling og koking av påskeegg i Breiavikjo i dag, 2. påskedag.

Pålandsvind gjorde at det gjekk greitt å bruke kanoane sjølv om det bles godt. I kanoen til venstre ser me Dag, Bjarte og Bård Inge Bø. I kanoen til høgre: Johannes Sandvik Bø, Solfrid Sandvik Bø og Lars Rydland Sæbø. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mellom 40 og 50 møtte fram trass i vind og regn, og det vart kanopadling – og bålkos med grilling av pølser og koking av egg, som annonsert.

Nokre av påskeegga vart teikna på, og litt laukblad vart putta oppi panna for å syte for gulfarge. Pølser er alltid godt – ikkje minst når vêret er litt surt. 

Ein fin tradisjon, synest me.

 

Johannes Sandvik Bø (t.v.), Marius Pedersen og Rune Andre Holmedal ved bålpanna. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sosialt for både store og små i Breiavikjo i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Etter kvart vart påskeegga gule. Foto: Helga Rimmereid

Ole Jakob med gult påskeegg. Foto: Helga Rimmereid