Mange til kyrkje

 

Mykje folk til høgtidsgudsteneste i Fitjar kyrkje i dag. Sokneprest Olav Oma på talarstolen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt 250 fann vegen til gudsteneste i Fitjar kyrkje i dag. Både sokneprest Olav Oma og Fridleiv Lydersen tok del i gudstenesta.

Olav Oma peika i sin tale på at påskebodskapen er grunnvollen kyrkja byggjer på.

– Om ikkje Kristus er oppstaden er heile vår tru meiningslaus. Men no er Kristus oppstaden. Det gjev glede i både himmel og jord. Ved dåp og tru vert me foreina med Kristus i ein død som er lik hans og ei oppstode lik hans. Jesu offer gjorde døden til inkje, sa Oma, mellom anna.

Mange til nattverd
I tillegg til dåp hadde ein denne påskedagen opna for nattverd både framme og bak i kyrkja. Framme på vanleg måte ved kneling av altarringen. Bak i kyrkja ved intinksjon, ved at ein dyppar brødet i vin. Og mange tok imot Herrens nattverd begge plassar.

Mange til nattverd. Ved alteret kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen. Med nattverdskalken Bent-Jarle Brenne. Foto: Håkon C. Hartvedt

 I morgon kl 11.00 er det gudsteneste ved slippen i Dåfjorden.