Fekk «karakterboka» underskrive etter 43 år

Arne Kjelsnes med sin tidlegare klassestyrar, Madli Johnsen, og dokumentet frå 6. kl. Foto: Privat

Då Arne Kjelsnes våren 1973 fekk skussmål med heim frå skulen til underskriving i slutten av 6. klasse, viste han det ikkje heime. Men no, etter 43 år har han fått det signert både av mor si og læraren som han hadde den gongen.

Våren juni 1973 var Arne Kjelsnes (56) ferdig i 6. klasse ved Rimbareid barne- og ungdomsskule i Fitjar. Gjeldande praksis var at klassestyrar på slutten av skuleåret skreiv ei oppsummering av det tilbakelagte skuleåret. Klassestyrar i dette tilfelle var Madli Johnsen (79).  Praksisen var vidare at føresette skulle signere for at dokumentet var lese.  I neste omgang skulle det signerte dokumentet framvisast for klassestyrar. Signeringa i dette tilfelle vart utsett i heile 43 år. 

– Har plaga meg
Arne Kjelsnes seier i ein kommentar til Fitjarposten at den manglande signeringa har plaga han i desse åra.

–Det usignerte dokumentet har følgd meg i alle år.  Frå Bergen via Bardufoss til Lillehammer.  Eg har i mange, mange år tenkt at eg skulle be mor signere den skriftlige evalueringa.  I samband med årets påsketur til Fitjar, tok eg omsider sjansen på å be mor signere dokumentet, noko mor «med største selvfølgelighet» gjorde, smiler han.

Mor til Arne, Klara Kjelsnes, les dokumentet før ho signerer. Foto. Privat

Fru Johnsen

Turen gjekk så til Madli Johnsen.  
– Eg må ærleg innrømme at eg ikkje «hadde så mye høy i hatten» når jeg nærma meg Madli sin heim på Rommetveit. For ein som i dag lever av å fortelje andre at ein av og til må akseptere og ha det litt vondt for å komme seg vidare i livet, så var det ingen veg utanom.  Madli Johnsen ble såleis avlagt eit besøk, og det synte seg av eg ikkje hadde noko å frykte. Eg vart motteken av min gamle lærerinne med stor respekt, fortel ein glad Arne Kjelsnes.

Madli Johnsen kommenterer at ho er glad for at ho omsider fekk fremlagt den signerte evalueringa, sjølv om den kom 43 år etter at dei andre elevane hadde framvist sine signerte evalueringar.

– Essensen og moralen i det heile må følgjeleg vere: Ikkje utsett det du veit bør gjerast i dag!, seier Arne Kjelsnes, til slutt.

Det 43 år gamle, usignerte, dokumentet.