Hugs å stille klokka

Foto: Stockphoto

Natt til søndag skal me igjen stille klokka. No ein time fram. Frå kl 02.00 til 03.00.

Det vert såleis noko mørkare om morgonen, men til gjengjeld får me lysare kveldar.

Hugseregelen er at me alltid stiller klokka mot sommaren. Så i oktober skal me stille ho ein time tilbake.

– –

Litt spesielt er det elles i år. For i 2016 er det 100 år sidan me begynte med sommartid i Europa. Først ute var Tyskland.

 

På verdsbasis var det Canada som først stilte klokka til sommertid. Det var i  1908.

I følgje timeanddate.com og h-avis.no, venta mange europeiske land med å stille klokka til sommartid heilt  til byrjinga 80-tallet.

Norge begynte i 1916, men me har berre stilt klokka til sommartid 51 gonger. Siste gongen me ikkje nytta sommartid var i 1979.  

I Europa er det berre Island, Russland og Georgia som ikkje stiller klokka til sommartid, seier h-avis.no