Langfredag

Jakob Sande er kjent for så mangt, òg for ein julesong og ein påskesalme. Nedanfor kan du lese den siste. Salmen var først publisert i 1931.

Du som låg i natti seine

Du som låg i natti seine

sorgtyngd, vanvørd og åleine,

skjelvande på såre kne.

Du som skåli trufast tømde

medan alle dine rømde,

stridsmann frå Getsemane.

 

Du som spotta vart og banna,

kront med klungerkrans om panna,

medan augo brann i sorg.

Du som stod i namnlaus pine,

skild frå dei du kalla dine,

einsam i Pilati borg.

 

Du som hekk til krossen nagla,

medan blodut sveitte hagla

frå di panne då du sa:

«Fader, kvifor gjekk du frå meg!»

Å, lat nådens blodstraum nå meg,

offerlam frå Golgata.

 

Lær mi sjel kor du laut lida,

syn meg såret ditt i sida,

styrk og nør mi veike tru.

Syn meg dine merkte hender,

så eg frelst mitt auga vender

opp til deg på krossen, du.

Jakob Sande