100 år og kjapp i replikken

Jubilanten Laura Skumsnes. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det var ein svært oppegåande og hundre år gamal, Laura Skumsnes, me hadde gleda av møte møte på FBB i dag. Det fekk både me og vår kollega i Bladet Sunnhordland oppleve. 

Då me begge stilte ho spørsmål, sa sonen, Harald, til ho på spøk: – No er verdspressa her, så no må du tenkje deg om når du snakkar.
–Å, e da så farlegt då, kom det kjapt frå Laura. 

– – –

Men det starta farleg nok for jenta som var født på Landa 24. mars 1916. 

 – Far min døydde nyårsdag i 1916. Han fekk dobbeltsidig lungebetennelse, og det var jo ikkje penicillin i dei dagar. Og to dagar før eg vart fødd døydde bestefar min. Så eg fekk ikkje sjå korkje far eller bestefar eg, fortel ho, og legg til: –Det var hardt, men eg hadde no mor og farmor, og dei kjempa i lag dei for oss søsken. Og søskena reknar ho opp: – Inger, Johannes, Sigrid, Astrid, Asbjørn og meg.

Enkelt familieopplegg
Sonen Harald Skumsnes fortel til Fitjarposten at dei hadde lagt opp til eit enkelt opplegg med i lag med familien. Laura har fire born, 10 barneborn og 11 oldeborn, og då alle av dei som var til stades av dei, både store og små, stemte i bursdagssongen, var det tydeleg at jubilanten sette pris på det.

Laura med born, barneborn og oldeborn. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dottera Magnhild heldt ein flott tale der ho mellom anna peika på at Laura vart fødd same år som mellom anna slaget ved Verdun under 1. verdskrig, Bergensbrannen og året då  Sommar-OL som skulle ha vore i Berlin, vart avlyst på grunn av krigen. I 1916 kosta potetene 13 øre pr kg, 1 l mjølk 25 øre og 1 kg sukker 92 øre.

Ho fortalde òg at Laura ei tid i oppveksten hadde liten matlyst og stort sett levde på mjølk. Ho var så tynn ei stund at dei var redd for at ho ikkje ville vakse opp. Så skulle ho bli ei som fyller hundre…

Utruleg sprek
Ja, jubilanten er svært oppegåande i dobbelt forstand. Ho steller seg sjølv med litt hjelp og er oppe og går kvar einaste dag ved hjelp av rullator i gangane på FBB.

Ho fortel til Fitjarposten at ho framleis likar å lese, om ikkje så mykje om gongen. Og Harald fortel at tidlegare var sying, og ikkje minst matlaging, store og viktige interesser som ho og var svært dyktig i. – Men det har kome ifrå ho no, legg han til.

Helste frå kommunen
Varaordførar Agnar Aarskog gratulerte frå kommunen og vona at jubilanten hadde det bra på FBB, og jubilanten repliserte med ein gong at bra hadde ho det.

I helsinga peika Aarskog vidare på  alt ho må ha opplevd, med to verdskrigar og ikkje minst den teknologiske utviklinga. Frå eit samfunn med mange manglar til dagens overflodssamfunn.

Han overakte så bokgåve og blomar på vegner av ordføraren og alle innbyggjarane i Fitjar, ønskte tillykke med den store dagen og lykke til med familiefesten.

Varaordførar Agnar Aarskog kom med bok, gode ord og blomar. T.h. dottera Magnhild med blomane. Foto: Håkon C. Hartvedt