Påskekrim med 14 millionar i opplag 

Du har nok sett TINE sin påskekrim på mjølkekartongane. Ein påskekrim med eit opplag på 14 000 000, og der 200 000 forbrukarar sender inn svar.

 – Me ser at engasjementet vert større frå år til år, dei siste åra med rundt 30 prosent, seier kategoridirektør Frode Fimreite i TINE.

Han fortel vidare at det er 20. gongen dei har påskekrim på kartongane, så dette er vårt bidrag til å halde ein god tradisjon i hevd. Tradisjonen er heilnorsk, men han har òg skapt oppmerksamheit utanfor Norge, seier Fimreite.

– Også i år er gåta utvikla av Gunnar Staalesen og Arild Midthun. Ho skil seg fra tidlegere år ved at dei har forsøkt å vie litt større plass til humor. Forbrukarane kan bli bedre kjent med kvar av de mistenkte i årets påskekrim på våre heimesider og i sosiale medier, avsluttar han.


Løysninga på tine.no
Påskeaften vert løysinga ut på tine.no/påskekrim. Ein kan òg eller sende SMS: TINE til 2440 for å få løysinga tilsendt på sms på påskeaften.

Tilgang til tidlegare påskekrimmar
For å feire den 20. gongen med påskekrim har TINE henta fram igjen nokre tidlegere påskekrimmar og publisert desse på www.tine.no/påskekrim: Unni Lindell 1997, Jon Michelet 2003, Anne Holt 2004, Erlend Loe 2009, Harald Rosenløw Eeg 2010 og Gunnar Staalesen & Arild Midthun 2011. 


– –

12 500 bønder på 10 000 gardsbruk er fundamentet for TINEs forretningsdrift.