Klart for Revivals

 

The Revivals. Arkivfoto: FP/HCH

The Revivals skal «spela påsken inn» på Fitjar Fjordhotell. – Onsdag 23. mars smelle me te med ein kanon kveld i Fitjar, med masse John Fogerty, Creedence, Elvis å mykje meir, skriv Sigurd Andre Maraas på Facebook.

  – Det skal bli med masse John Fogerty, Creedence, Elvis å mykje meir, forset Sigurd, og legg til: – Me feira 15 år som band i 2016, så her kan da dukka opp forskjelligt. 


The Revivals
Bandet karakteriserer Sigurd slik:

«The Revivals består av fire strame karer frå Fitjar å ei lekker ei frå vikjo.

Sigurd Andre Maraas på gitar/vokal, Bjarte Maraas på gitar, Bjørn Kristian Heggøy på bass og Ansgar Helland på trommer. Me har og med oss vokalist Rebecca Alsaker.

Bandet har John Fogerty og Creedence som den»gylnetråd»men har alt frå rock»n roll til countryrock på repertoaret sitt.

Bandet har spelt samen sidan 2001 og har vert mange plasser rundt i distriktet å spelt. Kan nevne: Fitjar, Stord, Bømlo, Os, Halsnøy, Ølen, Tysnes m.m

Når The Revivals kjem på scenen så blir det bånn gass med kjente og kjære låter fra John Fogerty sin karriere, med innslag av kong Elvis og andre gamle helter.

Me lover og ta ut alt på scenen, slik at akkurat du får ein heidundrandes kveld samman med oss.»