Køyr forsiktig i dag

Roger Ytre-Hauge. Foto: Frende

Forsiktig når ein køyrer bil skal ein alltid vere, men skal du på langtur med bilen i dag, må du vere ekstra varsam. Onsdag før påske er statistisk den største ulykkesdagen i påska.

– Du er ikkje den einaste som skal på påskeferie. – Køyr ekstra forsiktig på onsdag.

Det er fagsjef motor Roger Ytre-Hauge i Frende Forsikring som seier dette til NTB. Påsketrafikken fordeler seg oftest godt utover i veka, men onsdag, som er halv arbeidsdag, skil seg ut.  

– All statistikk frå tidlegare år syner at dette er den største ulykkesdagen i påsken, seier Ytre-Hauge. I fjor registrerte forsikringsbransjen 1132 små og store ulykker i trafikken denne dagen, med 17 personskadar.

65 personer skadd

Påska sett under eitt krasja vi i gjennomsnitt 671 gonger om dagen heile påska igjennom, og 65 førarar og passasjerar ble skadd i påsketrafikken i fjor.

– Påsken var to uker seinare i fjor. I år er vi meir uroa for vêr- og føretilhøva framfor påsketrafikken, seier fagsjefen.

I 2013 fall påska i same veke som i år, og talet på ulykker var skyhøgt med 8794 totalt, meir enn 2000 flere enn i fjor.