– Finaste plassen på jord

Foto: Håkon C. Hartvedt

Orda i tittelen tilhøyrer austevollingen Harry Haugland. Dei feirar påska på hytta i Ivarsøy, og skryt altså uhemma over Fitjarøyane.

Fitjarposten møtte på Harry då dei var inne for å handla. Kona heiter Ann-Iren Haugland, og mor hennar er Helga Marie Ivarsøy. Ho er nok godt kjent av mange i bygda.

Til vanleg jobbar Harry Haugland som fiskar om bord på M/S «Birkeland» som vart innreia på FMV.

– I det siste har det vore kolmulen me har gått etter, seier Harry Haugland.

Regnvêret syt han ikkje for. – Vêret er no som det er, men det er meldt betre vêr frå i kveld, smiler han til slutt.