«Jøtulen» på tur til «Varden»

Foto: Fjellheim FUS- barnehage

«Jøtulen», avdelinga for barn frå 3-6 år i Fjellheim FUS Friluftsbarnehage mange kjekke leikeplassar og turmål i skogen. Det som er lengst vekke, er «Varden».

Tidlegare denne månaden gjekk ti av dei yngste borna på Jøtulen opp til Varden med ny turbok og boks til å ha boka i.

– Sprekt gjort av 3 og 4-åringane våre som håpar på å få skrive seg inn Vardeboka mange gongar, heiter det i ei melding frå barnehagen.

Nesten oppe. Foto: Fjellheim FUS- barnehage

 Foto: Fjellheim FUS- barnehage

 «Frå Varden kan me sjå heile Fitjar og nesten heile verda». Foto: Fjellheim FUS- barnehage

I robåten. Foto: Fjellheim FUS- barnehage

– – –

Fjellheim FUS Friluftsbarnehage ligg i naturskjønne omgjevnader på Aarbø.
Barnehagen har fokus på friluftsliv og gode naturopplevingar, leik, og sunt kosthald (SmartMat). Dei har robåt i Storavatnet, gamme og lavvu i skogen.

Fjellheim har ledige plassar på både Jøtulen og småbarnsavdelinga, Bjørnaholo.

Søknadsskjema finn du på Fitjar kommune sine nettsider.