Fitjarbu ny leiar i Hordaland Bygdekvinnelag

Margunn Hauso og Bjørg Strømme. Foto: Lilli Ann Drønen

På årmøtet til Hordaland Bygdekvinnelag 11.-12. mars vart Bjørg Strømme valt som ny leiar etter Margunn Hauso.

Bjørg representerer Fitjar Bygdekvinnelag og har frå før eitt år bak seg i fylkesstyret.  

– Strømme er ei kreativ dame som får ting gjort.  Det blir spennande med henne som leiar, resten av styret støttar opp om den nye leiaren, skriv Hauso i ei pressemelding. 

Fylkesstyret har og fått eitt nytt styremedlem, Eline Bergaas Bruntveit frå Huglo bygdekvinnelag. I styret sit vidare Åse Kleppe frå Osterøy Bygdekvinnelag, Liv Solfrid Lono frå Odda Bygdekvinnelag, Berly Mjøs Giljarhus frå Egdetveit.

Årsmøtet fann stad på Hotel Ullensvang i Lofthus. Det var bygdekvinnelaga Skare, Røldal og Odda som var tilskiparar.  Anna Torhild Førsund Blikberg frå Oppheim Hauge Bygdekvinnelag og Åse Willgohs frå Huglo Bygdekvinnelag vart utnemnde som æresmedlemer.

 Det var 50 godkjente utsendingar til årsmøtet frå lokale bygdekvinnelag i Hordaland.

Gode aktørar for velferdssamfunnet
I leiaren sin tale kom Margunn Hauso mellom anna inn på alle aktivitetane i lokallaga, og at ein inspirerer kvarandre.  Ho viste til at bygdekvinner over år har vore ein viktig aktør i framveksten av velferdsamfunnet vårt. 

Ellen Krageberg, nestleiar i Norges Bygdekvinnelag orienterte om Mosambik-prosjektet som bygdekvinnelaget tek del i.  Ho viste bilete og fortalde engasjert frå medlemsturen bygdekvinnelaget skipa til Mosambik i fjor.

Neste årsmøte, i 2017,  står Kinsarvik Bygdekvinnelag saman med Bu- og Ringøy Bygdekvinnelag, for.

Desse laga presenterte seg, og ønskte velkomen til Hardangertun Hytter og Camping 30. mars – 1. april neste år.