Ikkje reisevaksinering på Fitjar helsestasjon etter 1. april

 

Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Fitjar helsestasjon vil frå og med 1. april 2016 ikkje lenger kunne  tilby reisevaksinar. Årsaka er dårleg bemanningssituasjon.

–Reisande som har starta eit vaksinasjonsopplegg vil få gjennomført dette, medan nye brukarar må kontakte private aktørar for konsultasjon og vaksine.

Det næraste kontoret er Oasen Vaksinasjonssenter (http://www.oasenvaksinasjonssenter.no), tlf 52 83 27 33), og det er òg  fleire andre ulike aktørar i Bergen.

Me beklagar dette og håpar å få tilby tenestene til innbyggjarane igjen hausten 2016, heiter det på nettisda til Fitjar kommune.