Omstillingsavtalen

Kommunestyra har som kjent bestemt at kommunane skal inngå ein omstillingsvtale med arbeidstakarorganisasjonane ved ei kommunesamanslåing.

Denne avtalen er no i hamn etter at ein med både administrasjon og representantar frå fagforeiningane var samla på Stord rådhus fredag 11. mars for sluttføring av omstillingsavtale for Stord og Fitjar kommunar.

Avtalen gjeld for endringsprosessane i samband med kommunesamanslåinga mellom Stord og Fitjar, som innbyggjarane no skal ta stilling til i ei folkerøysting i april.

– I den overordna avtalen vert det mellom anna stadfesta at ingen tilsette skal seiast opp som følgje av omstillinga. Dersom det skjer endring i arbeidsoppgåver og tenestestad skal dette skje etter medverknad frå dei tilsette. Vidare heiter det at tilsette ikkje skal få reduksjon i løna si som følgje av kommunesamanslåinga.

Føremålet med omstillingsavtalen er å gi nærare retningsliner for korleis omstillingsprosessen skal gjennomførast, for å sikra ein ryddig og føreseieleg prosess. Det er viktig for kommunane å slå fast at den enkelte tilsette har tryggleik i arbeidstilhøvet under omstillingsarbeidet, heiter det på Fitjar kommune si nettside.

 Les meir og finn heile avtalen på Fitjar kommune si nettside.