68 000 til velferdstiltak

Mykje folk på basaren – og vakker påskepynt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Den tradisjonsrike basaren til inntekt for velferdstiltak for bebuarane ved Fitjar bu- og behandlingssenter vart arrangert for 2. gong i Kultursalen. Det gav 68 000 kroner til dette flotte tiltaket – og bortimot fullsett Kultursal.

På programmet stod to omgangar med åresal og trekking av bok til slutt. I tillegg var det allsong og solosong av Lisa Instefjord Gilje akkompagnert av Olaug Gloppen.

Kjekt med åresal. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Basaren som starta i 2003 går til velferdstiltak for bebuarane, hovudsakelig sansehagen, men òg til turar og andre sosiale tiltak som til dømes interiør og pynting av fellesrom til høgtider. Planen vidare er nytt drivhus og å få laga ein fin uteplass med møblar og plantar på altanen ved gruppe 1, seier Hilde Killingrød, som var konferansier for kvelden, til Fitjarposten.

Vidare ønskjer ho å takke kommunen for betaling av leige til Kulturhuset og alle bedrifter i Fitjar som har bidratt med gåver. Like eins alle som har sydd, hekla, strikka og kjøpt gevinstar til basaren.

Triveleg på basar. Foto: Håkon C. Hartvedt

— 

VINNARAR PÅ BOKBASAR 2016 FBB

1. Blå barnegenser: Børge Skår

2. Kvitt pledd: Kjetil Andreas Gloppen

3. Brunt pledd: Aud Strandnæs

4. Dukke med klede: Sigrid Brekke

5. Gul genser m. tilbehør: Sigrunn Tislevoll

6. Lys kofte i glittergarn: Astrid de Vreede

7. 2 sitteunderlag: Marta Hageberg

8. Magic ceramic knifes: Nirmala Mylvaganam

9. Skjerf og lue: Gerd Helen Lillefosse

10. Barnegenser: Grete Sætre

11. Strikka pledd: Gyda Thomassen

12. Dokkevogn: Arve Rydland

13. Heklenett med garn: Inga Nesbø Skumsnes

14. Lyslykt: Jorunn Karinn Sørfonn

15. Barbiedukke med klede: Annlaug Rimmereid

16. Brannslukkingsapparat:  Hanna og Nils Vestbøstad

17. Tova nett med garn: Ingeborg Brekke

18. Kakespade «Hardanger»: Heidi Westvik

19. Hekla pute: Haldis Abotnes

20. Knivblokk: Sigrunn Tislevoll

21. Armband: Anna Rydland Nesbø

22. Vottar: Eli Vestbøstad