Kulturprisvinnar med høgdepunkt tett som hagl

Fitjar Skulekorps under konserten i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Me låner i tittelen litt av konklusjonen til kveldens dyktige konferansier, Olav Oma, når me skal skrive litt om Fitjar Skulekorps sin konsert «Vita lux» i kveld. Ein konsert ein kulturprisvinnar verdig – og vel så det.

Ja, me tek òg med ordførar Wenche Tislevoll si spontane ytring i forkant av utdelinga av Fitjar kommune sin kulturpris, saman med kultursjef Bente Bjelland, etter konserten:
– For en konsert! For et korps! For ei breidde. Kor utruleg flinke de er!

Styreleiar i Fitjar Skulekorps, Arnhild Raunholm, takkar for Kulturprisen flankert av kultursjef Bente Bjelland og ordførar Wenche Tislevoll. Rett i bakkant for desse står dirigent Svein Roger Koppang. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Og me er samd som berre det. Me trur at me aldri har opplevd ein betre konsert med Fitjar Skulekorps!

Korpset leverte ein nydeleg versjon av Pie Jesu. Solistar Elin Korsvik på kornett (t.v.) og Guro Rimmereid på flygelhorn (t.h.). Foto: Håkon C. Hartvedt 

Her var alt.
Ein fantastisk fin fylde i samspelet. Stor og mektig.
Utruleg flinke solistar – og ei rekkje unge musikar med multitalent.
Som Thea Træet og Audun Arthur Mehammer, som ikkje berre er svært dyktige på korpsinstrumentet sitt, men som òg syng strålande bra. Aldeles nydeleg å lytte til dei begge i kveld. Me må òg nemne Tor Håkon Aarbø for flott pianospel.

Og så Guro Rimbareid, som igjen slår til med svært vakre solistprestasjonar på flygelhorn – og som òg akkompagnerer «alt som er». Vi anar ein akkompagnatør av høg klasse her.

Særs vakker song av Audun Arthur Mehammer akkompagnert på piano av Guro Rimmereid. Foto: Håkon C. Hartvedt 

 

Thea Træet i «Gjev meg handa di ven». Foto: Håkon C. Hartvedt

Ingvild Prestbø var òg ein av dei mange flotte solistane. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Tor Håkon Aarbø på piano. Foto: Håkon C. Hartvedt

Utan tvil har dirigent Svein Roger Koppang stor ære for at korpset er kome dit dei er no. 

Noregsmeister i 2. divisjon brass i fjor, og seinare ein imponerande 4. plass i sin første konkurranse i 1. divisjon.

Koppang har ei heilt spesiell evne til å få fram det aller beste i «korpsarane». Han ser den einskilde, frydar seg saman med dei når dei gjer det bra, og klarer òg å få dei til å øve og spele både kreativt og disiplinert. Så fekk han òg velfortent takk frå ein representant frå LMF etter konserten.

Ære skal sjølvsagt styret og alle medhjelparane òg ha. Utan dei hadde sjølvsagt ikkje logistikken gått opp. 

Stor ære skal sjølvsagt den einskilde korpsmusikant tildelast.

Alt i alt ein fantastisk fin kveld som temagruppa òg skal ha sin del av takken for at me fekk oppleve.

 

Aslaug Ottestad var heimom og forsterka korpset. Mellom anna som solist på Domen, eit musikkstykke lagd til Nidarosdomen. Foto: Håkon C. Hartvedt