Smakfullt samarbeid mellom Fvgs og Spar 

Silje Marie Fylkesnes Bøe, Siren Malene Storebø og Malin Westvik med eit produkt av Brie og indrefilet av svin, surra med bacon. Foto: Håkon C. Hartvedt

Elevane på restaurant og matfag, leia av Ronald Hareide, var særs inspirerte då me var innom Fitjar vgs i dag. I eit samarbeid med Spar Fitjar laga dei til ymse delikatessar som skal seljast i butikken i morgon. Det synest dei er svært motiverande.

 Å lage noko «på real» som folk går hen og kjøper inspirerte elevane til å gjere sitt beste under tillaginga av dei ymse rettane som du i morgen vil finne i kjøttdisken hos Spar Fitjar.

– Kjekt å få bidra med noko heilt konkret, fint å tenkje på at det skal seljast i butikk, føler me må prestere skikkeleg for at det skal sjå bra ut, var nokre av kommentarane elevane kom med.

 

Mathea L. Eriksen jobba med utbeining, krydring og surringa av lammelår. Her får ho undervisning av Ronald Hareide i korleis det skal gjerast.
– Spennande å lære slike ting, sa Mathea til Fitjarposten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Simen Kristoffer Huse og Janne Lima held fram grillspyd med indrefilet av svin, ytrefilet av okse, sjampinjong, tomat og paprika. Foto: Håkon C. Hartvedt

Malene Benjaminsen (t.v.) og Jenny Hauge jobba med fisk. Malene fileterte og fjerne skinn og bein. Jenny marinerte og pakka. Her med poser med breiflabb. Foto: Håkon C. Hartvedt