Konfirmantane med innsamlingrekord

Elin Heggøy er ein av konfirmantane som var med på å setje rekord i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Konfimantane sette innsamlingsrekord då dei samla inn pengar til Kirken Nødhjelp sin fasteaksjon i går.

Kyrkjelydspedagog Johannes Olsen seier at han ikkje kjenner til  resultatet av fintellinga, men  at han kan veit at dei fekk inn over 53 000 kr, noko som er ny rekord. 

Damene som har vore med og organisert dette i alle år kunne òg fortelje om svært positive konfirmantar, og at ein fekk bøsseberarar til alle rutene.

– Eg gjekk sjølv ei rute og både takksam og overraska over den store gjevargleda, seier Johannes Olsen, til slutt.

Meir om fasteaksjonen kan du lese her.