20 lag og tilsaman 120 personar tok del i festivalquiz-en på Sjøsio i går. – Det er mykje fleire enn det brukar å vere på dei vanlege quizkveldane på hotellet, seier ein nøgd Geir Bjarte Hatlevik til fitjarposten.no. Biletet: Frå quiz-en. Framme ser me: f.v. Jarle Jæger, Roald Drønen og Bodil Jæger. I bakgrunnen ser me andre lag. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Best i går vart Team Teodor, ein gjeng frå Øvrebygda, Helland og Korsvik med 21,5 poeng. På andreplass følgde Anno & co med 19 poeng og på tredje Bjørn Leon & co. Bildequiz-en vart vunne av «Per Svein og gjengen rundt han», fekk me vite.