Stadig fleire ringjer krisetelefonen til Kirkens SOS. I år reknar organisasjonen med å ha gjennomført 200 000 samtalar før året er omme. Det betyr i så fall ein auke på 12 prosent frå i fjor. Kirkens SOS treng no 250 nye frivillige medarbeidarar I 2005 gjennomførte Kirkens SOS 178 000 samtalar med innringjarar. Generalsekretær Nora Blaasvær opplyser at ein passerte totaltalet frå i fjor siste veke i november i år. Også i fjor var det ein auke frå året før. I 2004 snakka Kirkens SOS med 164 000 innringjarar. I tillegg til dei 178 000 samtalane dei hadde i fjor, registrerte Kirkens SOS at det var 5300 som prøvde å ringje, men som ikkje kom igjennom fordi linene var opptekne. 200 000 samtalar inneber at Kirkens SOS i gjennomsnitt tar imot om lag 550 samtalar kvart døgn.

Av Ole Andreas Husøy, KPK

- Annonse -