Køyrde med tre punkterte dekk

Han hadde mildt sagt dekkproblem sjåføren som vart stoppa av politiet på Sandvikvåg i kveld.

Det er politiet som fortel på twitter at ein 20 år gamal mann vart  fråteken førarkortet på Sandvikvåg kl 19.30 i kveld.

Då hadde han køyrt vogntog med hengar og tre punkterte dekk over lang strekning.

Sak er oppretta.