Postkassa full av spye

Eit par hendingar på Fitjar i helga plasserer vi under kategorien ukjureskap.

Den eine vart meldt til politiet rundt kl halv ti søndag morgon og handla om skade på bygning/bilverkstad, benk, inngangsdør og vindu. Mistenkte, ein mann på 23 år vart pågripen på staden.

Den andre hendinga vart meldt inn til fitjarposten per telefon i dag.  Ein av fitjarposten sine lesarar ringde og fortalde at då han opna postkassa si, var ho full av spye.