Fellesmøte i Øvrebygda

Fitjarbrørne song torsdag kveld. F.v Trygve Eiken, Kjell Haukefær, Lars K. Vik, Rasmus Fitjar, Johnny Aase og Geir Vik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar Indremisjon og Øvrebygda Indremisjon har denne veka vore saman om fellesmøte i gymssalen på Øvrebygda skule.

Talar denne gongen er forkynnar i Indremisjonsforbundet, Roald Evensen. Han talar eit greitt og forståeleg språk og forkynner sentrale kristne sanningar.

Det har vore ulike lokale songkrefter på møta som vert avslutta med møte kl 19.30 i kveld, søndag. Songar i kveld er Paul Tore Garbo.