– Braksuksess

«Gamle fitjarband» fall tydelegvis i smak hos publikumet på Fitjar Fjordhotell i går kveld/natt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Han er ikkje snau, Årstein Tislevoll, når han skal oppsummere happeningen med gamle fitjarband på Fitjar fjordhotell i går. – Braksuksess, seier han. Og ser ein på talet på publikum og stemninga i lokalet, har han òg god grunn til å seie det.

Allereie kl 21.00 var det godt med folk på plass. Det i seg sjølv er heilt uvanleg. Oftast kjem ikkje hovedmengda av publikum før urviserne syner 23 – 23.30. Og når det eldste bandet av dei alle, Propp, spelte var det stuvfullt på dansegolvet. Det siste kunne Martin Kurt Vik fortelje. 

Propp
Vik lunne fortelje meir enn det. Ikkje alle veit lenger kven Propp var. Men Martin Kurt legg ut om at dei starta i 1966 som 13-14 åringar og heldt på til hausten 1971. 

–Stort sett var det coverlåtar til dei kjende artistane på den tida me spelte. Me høyrde på Radio Luxembourg og øvde inn ein eller fleire av songane me høyrde der om onsdagen. Etter kvar vart det oppdrag i store delar av Sunnhordland.

Ei heilt spesiell oppleving var det ein gong dei spelte på «Snorre» i Haugesund. Då sat Åge Alexandersen og Prudence i salen – og etter konserten vart Propp-gutane  invitert til å spele saman med Åge Alexandersen og Prudence på utekonsert i kopargruvene på Vistnes på Karmøy!

Kven var så med i dette bandet? Om  du lurer på det, er fasiten slik: Helge Haaland (keyboard), Sveinung Rydland (Munnspel/vpokal), Terje Gloppen (Rytme, gitar, song),
Terje Vidar Vestvik (trommer) og og Martin Kurt Vik (bass). I år spelte dei mellom anna låtar av Beatles, Creadence og Everly Brothers.

Variasjon
Kveld baud elles på stor variasjon.

Det skjønar ein når me reknar opp dei andre som deltok: Countryboys, Toradartuppene, Bjørn Helland og Audun Sætre, Tre pils  med gjestar ( Årstein Tislevoll, Angar Helland, Per Egil Larsen, Bjørn Andersen og Daniel Måge), To på tiltak (Årstein Tislevoll og Tom Wagtskjold), Gamle bøgjeblikkbandet ( Torstein Grimen, Tom Wagtskjold, Per Egil Larsen Wagtskjold), Kammerkoret og Rai ti tai-band.

 – –

–Utover kvelden berre strøymde det vidare på med folk. Me må kanskje tenkje på å få eit liknande arrangement til hausten, smiler Åstein Tislevoll, til slutt.