Konfirmantane med fastebøsser på tysdag

Tradisjonen tru gjer konfirmantane ein innsats i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. På tysdag kjem dei på døra med bøsser. Ta vel imot dei.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein innarbeida tradisjon i dei aller fleste norske kyrkjelydar. Såleis i Fitjar òg.  Kvar vår er cirka 40 000 bøsseberarar med på denne store dugnaden, som er den nest største dør-til-dør aksjonen i Noreg etter TV-aksjonen.

Pengane frå fasteaksjonen går til ulike delar av Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I år vil dei spesielt trekkje fram døme frå katastrofearbeidet deira i aksjonen.

Meir om det kan ein lese på www.fasteaksjonen.no

Tysdag 15.mars frå kl.16.30 vil så  konfirmantane her på Fitjar gå frå dør til dør med bøsser.

 

steroide