Ny energilov kan føre til dyrare straum i Fitjar

Elverksjef Håvard Singelstad. Foto: Elin Anita Erstad

Eit fleirtal i Energi- og miljøkomiteen innstilte i dag til endringar i energiloven som lett kan føre til dyrare straum for folk i Fitjar – og elles i distrikta. Saka skal opp i Stortinget 17. mars.

Dei nye endringane går mellom anna ut på at kraftselskapa skal skilje nettdrift frå kraftproduksjon, sal av kraft og anna verksemd – både selskapsmessig og funksjonelt.  Endringane skal vere gjort innan 1.1. 2021.

Dette vil seie at  det med omsyn til Fitjar Kraftlag, må opprettast eit eige styre med ny, eigen leiar i tillegg til det ein har no.  For når dette òg skal gjelde funksjonelt kan ikkje nokon av dei som er med i styret for nettdrifta i verksemda vere med i styret som skal ta seg av dei andre oppgåvene kraftlaget steller med.

Med andre ord: Om denne lova vert vedteken i Stortinget, vil ikkje nettverksemda kunne vere organisert under same leiing, og heller ikkje i same selskap som kraftproduksjonen og det andre.

FK eit konsernselskap?
Elverksjef i Fitjar Kraftlag, Håvard Singelstad, har følgjande kommentar til innstillinga frå Energi- og miljøkomiteen:

– Me har sett på ulike løysingar dersom dette vert vedteke.

Ein modell er at Fitjar Kraftlag vert eit konsernselskap, og at ein opprettar nye underselskap: eit for nett og eit for kraftproduksjon, sal av kraft og anna verksemd.  Men ein rapport som er utarbeidd syner at dette fort vert ein dyr løysing, seier  Singelstad.

– Det vil heller ikkje vere mogeleg  for leiinga i selskapet (FK konsern) å direkte leggja føringar for nettdrifta. I dette ligg at dei til dømes heller ikkje kan vere styreleiar/styremedlem. I teori og praksis kan ein kanskje ha same styret som dersom dei same personane blir valt.

Det største problemet er at leiinga i FK (konsernet) ikkje kan vere involvert.  I tillegg kjem så dei auka kostnadane med fleire selskap på administrasjonsnivå, legg han til.

Samarbeid – ei betre løysing
–Ei anna løysing vil vere å samarbeide med Austevoll Kraftlag, Fusa Kraftlag og Tysnes Kraftlag – og saman med dei etablere eit heilt nytt selskap. Dette selskapet vil då få eigen administrasjon, med basar i kvar av dei fire kommunane.

Saka har allereie vore styrebehandla i alle fire kraftlaga, og styra tilrår at ein jobbar vidare med denne løysinga, opplyser Håvard Singelstad.

Eit slikt selskap vil få rundt 13 000 abonnentar og bli det tredje største i Hordaland.

– Det vil då vere lettare for oss å halda kostnadsauken som vil kome for alle nettkundar i Noreg, på eit nivå som for andre nettselskap. Og ikkje berre det:

Me vil då sjølve vere med og styre den servicen som me vil at nettkundane våre skal ha.

Sikrar lokale verdiar
–Denne løysinga vil òg sikra at verdiane i selskapet og distribusjonsnettet vert verande lokalt, og i tillegg vere med på å oppretthalda og utvikle arbeidsplassar i Fitjar. 

Ein vil og sikra eit godt tenestetilbod lokalt, med god lokal påverknad.

Vedtaksendring
Den nye lova som altså skal vere gjeldane frå 1.1. 2021. om ho vert vedteken, fører til at Fitjar Kraftlag må ha ei vedtaksendring i føremålsparagrafen sin for å tilfredstille krava til den nye lova. Desse endringane må handsamast på to ordinære årsmøte.

– Me er opptekne av at Fitjar òg i framtida skal ha sikker straumlevering med god kvalitet, spesielt i uvêr og ekstremvêr, noko som me tidlegare har vist at me kan, seier elverksjef Håvard Singelstad, til slutt.