Ferjene får fram vegutbetring i Fitjar

 

På denne vegen mot Vik, skal det snart kome to køyrebanar. Den observante lesaren vil sjå ei av dei raude stikkene til venstre på biletet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mellom 23 og 25 millionar blir henta inn i bompengar på ferjene over Bjørnefjorden årleg. No går bompengane mellom anna gå til utbetring av Fv 545 mellom Rimbareid og Vik.

Det var ein viss mostand også i politiske krinsar mot denne bompengeinnkrevinga, fordi ein meinte at her måtte bilreisande betala for utbetring av ein veg ein stort sett ikkje køyrde på. Storparten av bilane som køyrer i land frå, eller om bord på ferjene i Sandvikvåg brukar E39, og ikkje Fv 545. Me Stortinget viste til at Fv 545 er ein viktig reserve for nord – sør trafikken over Stord, då det vart gjeve løyve for innkreving av bompengar ut 2016.

Det er Bernt Herland på vegkontoret på Vabakkjen som opplyser til stordnytt.no at kvar krone går til betring av Fv 545 på vestsida av Stord. Han kan òg forteljer at ein får inn mellom 23 og 25 millionar kroner i året på denne måten.

–  Strekket mellom Rimbereid og Vik skal utvidast  til to køyrebanar med fortau. Der er raude stikker kome på plass i lendet og hogsten langs traseen er nær føreståande. Arbeidet skal vera ferdig neste år.

Planen vidare å få retta ut krappaste kurvane ved Rydlandssaga, og  brua i Sagvåg er snart klar, seier Herland vidare til stordnytt.no.

Her ved Sagvåg bru er den nye køyrebanen til venstre mest ferdig med fortau og det heile. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

arnold schwarzenegger steroidi