Konsert og Kulturpris

Fitjar Skulekorps i aksjon under NM i Stavanger. Foto: Helga Rimmereid.

Torsdag 17.mars inviterer temakveldgruppa til storslått konsert i Fitjar Kyrkje. Namnet på konserten er Vitae Lux , og me får høyra Norgesmeistrane Fitjar Skulekorps som òg får utdelt sin velfortente kulturpris denne kvelden.

 – Fitjar skulekorps er eit korps i storform med fantastiske solistar!!!

Med denne konserten vil korpset setja fokus på noko av den fantastiske  musikken til Sigvard Dagsland og også andre perler frå Chopin, Rachmaninoff, Webber, Alnes etc. Stikkord er melankoli, groove og trøkk. Dette vert utruleg vakkert og garantert noko utanom det vanlege – – musikken spenner frå det stillfarne til eksplosive!!, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding om konserten.

Kulturpris
Under Vitae Lux-konserten får altså  Fitjar Skulekorps utdelt  Fitjar Kommune sin Kulturpris for 2015. I grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna  at «Fitjar Skulekorps er gode ambassadørar for bygda vår på ein framifrå måte. Nitidig arbeid frå musikantar, dirigent og foreldre har gjeve resultat, og korpset har i år oppnådd historiske resultat – og mange har fått augene opp for Fitjar når dei har høyrt og sett korpset! »

– Me ønskjer velkommen til ein strålande konsert  i Fitjar Kyrkje! skriv Simonsen, til slutt.