Kafeen takkar av

Johanna Heggøy, Reidun Vestvik og Signe Heggøy er mellom dei som har kost seg på Kafeen som no legg ned. Arkivfoto: FP/HCH

Kafeen sine dagar i 2. høgda i Larsenbygget stengjer 23. mars. Vidar og Odd Sverre Larsen trur likevel at ein serveringsplass i sentrum har livets rett.

– Etter at Cafe Annemor la inn årene, har me prøvd å halde oppe ei enkel, midlertidig kafedrift med von om at andre ville overta på sikt. Dei som har drive Kafeen til no har gjort ein god jobb, men me ser me at eit slikt enkelt tilbod ikkje er nok, og me har bestemt oss for å leggje ned kafeen onsdag før påske, altså 23. mars, seier Odd Sverre Larsen.

Om nokon andre interessentar vil satse på full drift, og drive i eigen interesse, ser han likevel ikkje bort ifrå at ein kafe i sentrum kan vere liv laga.

– Eg veit at nokon har snakka litt om å gå inn på ein slik måte, men ingen har så langt teke direkte kontakt om det, seier Odd Sverre Larsen, som svært gjerne tek ein prat med folk som måtte ha slike tankar.