Mykje å sjå på

Sentrale folk bak utstillinga med kvart sitt Aarskogbilete. I midten initiativtakar Karvel Strømme saman med to av døtrene til Kristoffer. Ingunn (t.v) og Vigdis. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Kunstutstillinga med Kristoffer Aarskog i Galleri Losjen på laurdag er vel verdt å få med seg.

Heile 70 bilete har ein klart å samla inn, og mange spennande motiv er å sjå. Om ikkje så mange er frå Fitjar, er det ein god del bilete frå Uggdal på Tysnes der Kristoffer budde og var bakar samstundes som han gjorde sitt kunstnarlege arbeid.

– Det skjedde stort sett i helgene. Etter at han hadde fått unna rekneskapen for bakeriet, koste han seg med målinga. Nokre bilete selde han, andre vart gjevne som bryllaupsgåver og anna. Ofte kom folk og ville at han skulle måle tunet deira med hus og det heile.

Kristoffar vart òg skarpskyttar og var med i ei rekkje stemne i ungdomen.

Av borna er nok Reidar Aarskog den mest kjende utover Sunnhordland. Han herja ei stund med konkurrentane i friidrett og vart mellom anna noregsmeister i stav.

Eldst av borna er Sigmund, så kjem Ingunn, Reidar og Vigdis.