Viktig for hotellet

 

 

Direktør ved Fitjar Fjordhotell, Ronald Hareide, gler seg over både sommarrevyen og ein god start på året. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Sommarrevyen er svært viktig for oss. Han er eitt av beina me står på, seier hotelldirektør Ronald Hareide ved Fitjar Fjordhotell til Fitjarposten.

Samarbeidet er  elles ein god symbiose for begge partar.

– Fitjarrevyen er den einaste revyen på Vestlandet der ein får ein totalpakke som inkluderer overnatting, mat, underhaldning – og musikk i to etasjar etter underhaldninga, seier Ronald Hareide som ser fram til premieren, fredag 28. mai.

God januar og februar
Hotellsjefen kan elles fortelje om ein god januar og februar med svært godt besøk på hotellet og at fleire spennande arrangement står på planen før revyen.

– Til helga skal me ha konsert med gamle fitjarband. Så kjem «Breidbandet på besøk – og til påske slår ein til med påskedans onsdagen før skjærtorsdag, opplyser han, mellom anna.