– Kjem ikkje utanom kommunereformen

Aktørane under årets sommarrevy i teltet på Fitjar Fjordhotell. F.v. Ole Bergesen, Ole Andre esterheim, Hanne Mellingen, Øystein Kloster, Terje Træet og Hans Morten Hansen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Revygjengen med Ole Bergesen i spissen er i gang med sin 17. sommarrevy. Ikkje uventa vert kommunesamanslåing tema også her.

 – Ja, me vil òg i år ha lokal forankring på revyen, og då er ikkje debatten omkring kommunesamanslåinga til å koma utanom. Og ikkje berre det. Me vil lansere eit eige framlegg til avtale i denne saka, ler Ole som kan fortelje at dei allereie før jul så smått begynte å tenkje ny revy. No er ganske mykje på plass.

Henning ut, Terje inn
– For meg har det betydd mykje at Terje Træet igjen er med på laget, seier Ole, som derimot ikkje får med seg Henning Wichmann på laget denne gongen. Avstanden frå der han no bur til Fitjar vart rett og slett for stor i lengda.

– Men me stiller likevel med eit superlag, både musikalsk og scenemessig, fortset revygeneralen og gjev oss både tittelen på revyen og namna på dei som skal vere med i ensemblet i år. På scena får Ole med seg: Hanne Mellingen, Ole Andre Westerheim, Hans Morten Hansen, Terje Træet og Øystein Kloster. Musikarane er: Kapellmeister Svein Ragnar Myklebust, Jan Evald Kleppe (trommer), Rudolf Fredly (bass) og Ole Rasmus Hjelle (el.gitar) – erfarne og dyktige folk alle saman.

«I fyr og flamme»
Tittelen på revyen i år er: «I fyr og flamme».

– Kort sagt ønskjer me å begeistra med energi, tempo og driv. Me vil vere i fyr og flamme sjølv – og vonar at me klarer å få revyelden til å ta fyr i publikum òg, let det.

– I tillegg til kommunesamanslåinga vil ein  spinne vidare på «lokale storheter på hele øya», fortel Bergesen vidare. Og når Terje Træet skal inn igjen er det vel ikkje nokon overrasking om det kjem ein kommentar til at distriktlegen til sommaren takkar av etter svært så lang fartstid i Fitjar. 

Frå botnen
– Elles skapar me ny revy frå botnen, og me har eit sterkt ensemble som kan få det til i år òg.

Me legg opp til revystemninga som karakteriserer teltframsyningane. Hans Morten Hansen er i toppsjiktet i stand up i Noreg, og han skal få plass til å gjere sitt.
Øystein Kloster er ein bauta for heile produsjonen – og ikkje minst som skodespelar og songar. Hanne Mellingen var med for første gong i fjor og fekk svært gode tilbakemeldingar. Ho har ei flott utstråling både som songar og skodespelar og er ein styrke for ensemblet, seier Ole – og kvalitetane til Ole sjølv, Terje og Ole Andre trekkjer såvisst ikkje revyen ned.

Enda meir trøkk på allsongen
– Alt ligg òg til rette for fantastisk allsong i år. Den ønskjer me å løfte endå eit hakk, sjølv om det vart ein unik allsong i fjor, seier Ole Bergesen, til slutt.