Nyopning hos Duo og Husflidskroa

Elin Kvia Rydland hadde i dag sin første arbeidsdag i Duo Hårstudio  etter vasskaden . Her er det ein nøgd Martin Vestbøstad som vert frisert. – Eg går alltid her når det er snakk om frisør, seier han til Fitjarposten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Eit røyr sprang lekk i tredje høgda på «Sjøstrand», og Duo Hårstudio og Husflidskroa i sentrum måtte stengja i  rundt åtte veker. No er verksemdene opne att.

Verst gjekk  nok vasskaden ut over Duo Hårstudio. Her måtte mykje skiftast. Både golv, veggar og utstyr.

–  Salongen restaurert, men mykje  står der det stod før, så det er ikkje sikkert at kundane merker så veldig mykje, sjølv om mykje av det er nytt, smiler frisør Elin Kvia Rydland. Ho driv frisørstudioet saman med Trude Strand. Dei begynte å ta imot bestillingar att i slutten av februar, og dei første to vekene er timelistene ganske så fulle.

Husflidskroa

Marit Hjelmen ser på garn i lag med skotske Aline Broadbent (t.h.). Foto: Håkon C. Hartvedt

Hos Husflidskroa har det óg vore ein del å gjere. Mellom anna måtte ein vegg skiftast her òg.
Innehavar Marit Hjelmen er glad for å kunne starta opp igjen, og ho følgjer dei same opningstidene som ho hadde  før vasskaden.

Hovedsalet hennar går elles  på garn og bunadstoff. Ho har òg ein del hobbyartiklar. Det siste er ei vare ho skal slutte av med. Så treng du noko av den sorten, kan me røpe at Marit for tida har sal på desse artiklane.