Lars Reidar Frøyland kontrollerer bilen til Ailin Vik. Foto: Kjetil Rydland.

Årskontroll for Fitjar Racing Team

I går blei fem av bilane til Fitjar Racing Team kontrollerte, og no er dei løpsklare til sesongen 2016.

Fem håpefulle bilcrossførarar møtte fram med bilane sine i går då Lars Reidar Frøyland kom for å gjennomføra den tekniske årskontrollen. Og det blei ein vellykka dag både for kontrolløren, dei unge førarane og eit tjuetals skodelystne.

For å få lov til å delta motorsport må du ha bilen vera i forskriftsmessig stand, etter reglane til Norges Bilsport Forbund. Autorisert kontrollør i området vårt er Lars Reidar Frøyland frå Tysvær, og søndag ettermiddag gjekk han gjennom seks løpsbilar på Rydland. Det er ei rekkje punkt oppfyllast for at bilen skal bli godkjend. Motoren skal gå slik at nødstopp kan sjekkast; ein bil som ikkje startar heime, gjer det ikkje nødvendigvis på løp heller. Det skal ikkje førekomma lekkasjar av bensin, olje eller eksos, og feste til bensintank, batteri, skliplater, sete, selar, leidningar, røyr og slangar blir sjekka grundig. Bilen skal vera retta og måla og reingjort utvendig og innvendig, og rustskadar må sveisast. Bremsar og bremselys må òg vera på plass, og understellsnummert skal vera lesbart.

I løpet av søndagen gjekk Lars Reidar Frøyland gjennom fem bilcrossbilar. Gisle Aarbø, Håvard Dalen og Mari Lønning stilte med kvar sin Ford Sierra. Jonas Lønning har framleis volvoen sin, medan Ailin Vik skal køyra ein liten Opel. Det såg ut til at alle dei fem unge førarane som stilte opp i går, hadde gjort ein god jobb på førehand, og alle bilane blei godkjende.

Enkelte av Fitjar-bilane var ikkje klare for årskontrollen, og dei må til Rogaland for å bli kontrollerte. Blant dei er VW-boblene til Oliver André Matre og Håvard Helland. Dei ventar på motordelar frå fjern og nær, blant anna frå USA. Og så skal delane beaarbeidast. Etter kvart kjem nok Kristina Sætre med bilen sin frå Halsnøy og gjer han klar på Rydland, seier Ole Vidar Helland. Han reknar med at det kan bli eit par bilcrossbilar til på startstreken for Fitjar Racing Team i sesongen som kjem.

Den kraftige rallycrossbilen til Paul Vik fekk lei medfart på slutten av fjorårssesongen, og blir ikkje klar til vårsesongen, seier racingsjefen på Rydland. Men dei fleste andre blir med frå sesongstart. Og til todagarsløpet i Vikedal siste helga i juni er alle bilcrossbilane frå Fitjar Racing Team klare til start.


Håvard Dalen konstaterer at kontrolløren er fornøgd med det han ser under bilen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Førarar og skodelystne ventar utolmodig på kontrolløren. Foto: Kjetil Rydland.