Visst skal våren komme…

 

Foto: Håkon C. Hartvedt

Ja, slik heiter det i ein song. Og no ser me teikn på det rett utanfor kontoret vårt.

Men det er sikkert mange solhellingar i bygda vår der vårtteikna er meir synlege enn hos oss i Fitjarstølane. Send oss gjerne bilete som døme på det.

Me minner samstundes om fotokonkurransen i Fitjar Sommarguide. Fristen går ut i dag, men me har eigentleg ikkje hastverk, så me utvidar han nok med ei veke til.

Hugs at det ikkje berre er kvaliteten på bileta som tel. Me er like mykje på jakt etter den gode sommarstemninga.