Debatt om kommunereform

 

Ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Harald Johan Sandvik.

Etter at fylkesmannen var gått frå møtet, var det debatt i kommunestyret.

Ordførar Wenche Tislevoll, H, opna debatten. Ho synte til reportasje i Bladet Sunnhordland, der ho ikkje ville seia noko om sitt standpunkt i saka om kommunesamanslåing. Grunnen til det var at ho først ville seia meininga si og presentera argumenta sine i kommunestyret. No har ho nok informasjon til å kunna gi råd til bygdefolket. Ho seier eit klart ja til samanslåing med Stord! Me får aldri nok informasjon, men me må tru på dei fakta som vert lagde fram. Ho er glad for at ein har køyrt heile prosessen.

Ei samanslåing sikrar tilboda, det kjem nye oppgåver og slagkrafta vert større. Fitjar kjem betre ut med ein avtale med berre Stord enn i ein handel med fleire kommunar. I neste omgang går det mot ein større Sunnhordland kommune. Det er sagt for mykje negativt om Stord i prosessen. Stord er og har vore rause i samarbeidet med Fitjar. Økonomisk har Fitjar utfordringar i dag, det vil me også ha framover, uavhengig av endringar i inntektssystemet. På andre felt er det også utfordringar.

No skal innbyggjarane få informasjon og få seia meininga si i folkeavstemminga i april.

Varaordførar Agnar Aarskog, Ap, var neste mann ut. Han kommenterte at her var det mykje negativ informasjon så langt. Når han ser i glaskula vel han å sjå noko meir positivt på utviklinga i Norge framover. Han er kritisk til nasjonale føringar og tidspress i saka. Det er dårleg informasjon om fordeling av oppgåver, og det nye inntektssystemet er ikkje vedteke.

Det har vore sagt at prosessen er frivillig, det er ikkje tvang, og det er lagt inn gulrøter til kommunane, men no kjennest det mest som tvang. Han kjenner på at prosessen og styringa er handtert for dårleg frå statleg side. No er det viktig å informera innbyggjarane og høyra deira råd. Agnar håpar og trur at Fitjar skal greia seg åleine også i framtida.

Agnar Aarskog. Foto: Harald Johan Sandvik

Harald Rydland, KrF, innleia med å sjå tilbake på at kommunereforma vart lansert frå Stortinget si side med store vyer om endringar. Då må kommunane verta vesentleg større enn det som me snakkar om i dag. Ein bør satsa på berekraftige, robuste kommunar som taklar alle utfordringar i 50 år, og styrkja lokaldemokratiet og lokal styring.

I Sunnhordland oppnår me ikkje noko av dette, her vert det berre småkommunar framover, også. Regjeringa burde teke signala og byrja på nytt. Fitjar KrF har hatt sans for reforma, men vil protestera på den utviklinga som har skjedd. Den robuste kommunestrukturen kjem ikkje no!

Dersom Fitjar vert ståande åleine, kan me heilt sikkert vidareføra interkommunalt samarbeid. Når det gjeld økonomi: Skal me «gambla» eller skal me tru på dei dårlege utsiktene framover? I siste fall er det ikkje sikkert at «gulrøtene» vert vidareførte, heller.

Når me no skal velja, vert det den viktigaste avgjerda i kommunen på 156 år.

Harald Rydland. Foto: Harald Johan Sandvik

Ole Bergesen, H, poengterte at no heldt han jomfrutalen sin i kommunestyret, og han hadde gjerne sett at det var i ei anna sak.
No vert informasjon og folkemøte og møte med politikarane overordna viktig. Det er delte meiningar i bygda. Han er sjølv tydeleg på at han er imot samanslåing. Signala er sterke i kommunestyret på at det skal leggjast vekt på folkemeininga. Køyr prosessen på ein god måte!

Ole Bergesen. Foto: Harald Johan Sandvik

Karen Elisabet Rydland Sæbø, Sp, sakna oversikt over framtidige investeringar i dei to kommunane. Det burde vore med i vurderinga no. Ho opplever at Sponheim «truar», og Sp er imot grunntanken med større einingar og sentralisering. Det må verta mindre lokaldemokrati av det. Det er ein stor protest frå Sp!   

 

Karen Elisabet Rydland Sæbø

Sigurd Andre Maraas, Frp, innrømma at han har våga å vera i tvil. No sa han ja til samanslåing. Det vil gi utfordringar, men ein må ha tillit til samarbeidspartar, og ein må sjå på Fitjar sine utfordringar framover. Den beste garantien for å sikra grendaskulane vår er å gå på avtalen med Stord. Me klarar knapt å vera robuste åleine. Fitjar må seia ja til Stord, og også senda ein invitt til dei nærliggjande kommunane!

Sigurd Andre Maraas. Foto: Harald Johan Sandvik

Annar Westerheim, Ap, sakna omtale av E39 og parsell Engevik – Sandvikvåg i avtalen. Han streka under kor viktige grendaskulane er for bygdene. Samtidig uttrykte han skepsis til at Fitjar skal ha berre 8 representantar i eit felles kommunestyre på 41 representantar.

Annar Westerheim. Foto: Harald Johan Sandvik

Grete Marit Veka Maraas, Sp, ville heller ha interkommunalt samarbeid enn samanslåing. Nærleik til saker og sakshandsamarar er viktig. Me får det ikkje betre enn me har det no. I avtalen ligg det mange uklare moment.

Grete Marit Veka Maraas. Foto: Håkon C. Hartvedt

Arne Prestbø, H, sikta til dei som har kritiske spørsmål til avtalen med Stord. Hugs at det er dei to fremste politikarane i kvar av dei to kommunane som har forhandla fram avtalen. Me må ha tillit til dei! No står me framfor informasjon til og involvering av bygdefolket før rådgjevande folkerøysting i april. Spørsmål vidare vil gå på økonomi og tenesteyting. Har me råd til å la vera å gå for ei større eining? Kor står regionen Sunnhordland i framtida? Det vert lite bruer og samferdsle dersom ein sit på kvart sitt nes.

Sigurd Andre Maraas, Frp, hevda at inntektssystemet ville verta vedteke som venta, og at Ap ikkje vil reversera systemet i tilfelle dei overtar regjeringsmakta ved neste val.

Det fekk Agnar Aarskog til å be om ordet. Han var klar på at Frp ikkje måtte få siste ordet! Maraas må overlata Ap sin politikk til Ap sjølv. Det som Maraas nemnde i innlegget sitt, er ikkje rett!

Etter ein av dei lengste debattane kommunestyret har hatt på ei enkelt sak, 2 timar og 15 minutt, og utan  at det vart sett fram nye framlegg, gjorde kommunestyret følgjande samrøystes vedtak: 

1: Fitjar kommunestyre tek til vitande «Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamanslåing» og vil leggja denne til grunn for ei mogeleg samanslåing med Stord kommune. 

2: Kommunestyret vedtek å leggja sak om samanslåing av kommunane Stord og Fitjar ut til rådgjevande folkerøysting 25. april. Folkerøystinga skal gjennomførast slik det er gjort greie for i denne saka. 

3: Det skal setjast ned eit utval med to folkevalde representantar og ein tillitsvald frå kvar kommune som får ansvar for å utarbeida ein kommunikasjonsstrategi for prosessen fram mot endeleg samanslåing. Wenche Tislevoll og Agnar Aarskog skal representera Fitjar kommune i utvalet. Katrin Innvær Ankervold er oppnemnt av arbeidstakarorganisasjonane.

4: Rådmannen får, saman med rådmannen i Stord, i oppdrag å forhandla fram ein omstillingsavtale med arbeidstakarorganisasjonane. Avtalen skal vedtakast av administrasjonsutvalet i Fitjar og driftsstyret i Stord kommune. 

5: Kommunestyret tek endeleg avgjerd i saka etter at rådgjevande folkerøysting er gjennomført.