Kommunereforma var sak i kommunestyret i går.

 

Foto: Harald Johan Sandvik.

Fylkesmann Lars Sponheim var med på kommunestyremøtet i går.

I utgangspunktet påla Stortinget alle kommunane om å utgreia samanslåing med nabokommunar. Kommunepolitikarane i Fitjar, med ordføraren i spissen, har teke prosessen på alvor. Dei har delteke i ein brei dialog, først gjennom arbeid i Samarbeidsrådet, seinare i direkte samtalar der Bømlo, Tysnes, Austevoll, Stord og Fitjar var med. Dei tre førstnemnde trekte seg frå samarbeidet, og Stord og Fitjar stod åleine tilbake. Desse to kommunane har så forhandla seg fram til ein avtale om samanslåing. Avtalen var signert 28. januar  år. Visjonen i avtalen er: «Saman om morgondagen».

Samtidig har administrasjonen i Fitjar laga ei utgreiing av 0-alternativet = Fitjar som eigen kommune også i framtida. Ei stor utfordring i dette arbeidet er at det nye inntektssystemet for kommunane ikkje er vedteke, det ligg ute på høyring i desse dagar og vert først handsama og vedteke i Stortinget tidleg i juni. Dermed har ein ikkje reelle faktorar å rekna med i dag, og det gjer valsituasjonen svært krevjande.

Saksgangen vidare er slik: Rådgjevande folkerøysting 25. april i Fitjar kultur- og idrettsbygg, vedtak i formannskapet 15. juni og endeleg vedtak i kommunestyret 22. juni. Frist for vedtak er 1. juli.

Fylkesmannen
Fylkesmann Lars Sponheim fekk første delen av møtet i går for å informera om status for reforma, og situasjonen i Fitjar spesielt. Han minna om at bakteppet for reforma var eit breitt fleirtal i Stortinget. No har ein passert «Point of no return». Så kjem det nytt inntektssystem for kommunane, og i neste omgang står fylka framfor ein liknande prosess som kommunane har no. Han var slett ikkje sikker på kor lenge han sjølv fekk vera fylkesmann i Hordaland.

Ei side av saka er at staten får dramatisk reduserte inntekter på grunn av låge oljeprisar, og  ein må difor organisera og drifta billegare. Mankoen er 60 milliardar i år og 100 milliardar i 2017, sa Sponheim. Fylkesmannen la vekt på at han var i Fitjar for å formidla den realiteten at Norge må driftast på ein enklare og billegare måte i framtida.

Det gamle inntektssystemet for kommunane favoriserer dei små. I framtida med ny kommunestruktur vert det også ein ny økonomi. Regjeringa vil sørgja for at det vert ein ny struktur, og det vil koma nye rundar for dei kommunane som seier nei til prosessen no.

Avtalen Fitjar og Stord har signert, er banebrytande og god! Løysinga med grendeutval som også har eigne pengar, er lagt merke til på sentralt plan! Samtidig gav han rådmann Atle Tornes mykje ros for den grundige utgreiinga han har laga på 0-alternativet. 

Liten fare for tvangsvedtak når det gjeld Fitjar- Stord

Etter folkeavstemming og vedtak i kommunestyret, går saka til fylkesmannen, som så formidlar vidare til departementet. Kommunane gjer frivillige vedtak, men Stortinget kan vedta tvangs-samanslåingar. Eit eksempel her kan vera at dersom ein kommune seier nei til samanslåing og dermed øydelegg for andre, kan Stortinget gjera tvangsvedtak. I saka Fitjar-Stord kan neppe nokon påstå at eit nei frå Fitjar vil øydeleggja for Stord, og det vil ikkje vera særleg stor fare for tvangsvedtak her. Dersom de i Fitjar veljer å ha det vondt sjølv, vil ingen tvinga dykk ut av det, avslutta Sponheim, før han opna for spørsmål.

Fylkesmann Lars Sponheim. Foto: Harald Johan Sandvik

Torstein Grimen sa at sist fylkesmannen var med i kommunestyret, var det snakk om storkommune i Sunnhordland, no er det berre snakk om to kommunar som eventuelt kan slå seg saman.

Sponheim svara at det er eit viktig spørsmål. No ser ein for seg eit større Bergen, eit stort Nordhordland, eit sterkt utvida Øygarden og Os-Fusa-Tysnes. Dei nye, store kommunane vil ha stor slagkraft og påverknad. Eit splitta Sunnhordland, der kvar har nok med sitt, vil gjera at vår region vert sterkt svekka i framtida. Då står Sunnhordland stille, og det flyttar maktbalansen i fylket. Det vil hjelpa godt med samling av Fitjar og Stord, men eit samla Sunnhordland ville vore ynskjeleg.

Ordførar Wenche Tislevoll minna om at mange ynskjer ein stor kommune i Sunnhordland, og ikkje berre ei samanslåing med Stord. Vil me med vår eventuelle samanslåing hindra ein Sunnhordland kommune seinare?

Nei, sa Sponheim. Dersom eg kjem igjen om 20 år, vil det vera store endringar i regionen. Eitt eksempel er at mange fleire helseoppgåver vert lagt til kommunane. Rådet er: Kom innanfor i det kommunale amnestiet som gjeld no. Då får de behalda dei tilskota som elles vil falla bort.

Fylkesmannen skjøna at dette er vanskeleg, og at det er mykje kjensler inne i biletet. Det er eit stort ansvar å vera kommunepolitikar i dag. Kommunestyret må ta avgjerd på vegne av innbyggjarane og står ansvarleg overfor dei.

– Hadde eg vore borgar i Fitjar i dag, ville eg kravd å få eit godt råd frå mine eigne politikarar.

Annar Westerheim kommenterte at 6 av 10 ordførarar hevdar at denne prosessen er eit rotterace. Det burde vore gitt betre tid!

Sponheim svara: Ja, det er eit rotterace, men tidsplanen vert ståande. Og – dersom dette er starten på eit nytt Sunnhordland, vil det vera smart å vera på innsida først!

Lukke til!