– Evangeliet viktigast

Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det viktigaste for meg er å forkynne evangeliet om Guds nåde. Det seier kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen som gjerne krydrar forkynninga med humor.

Det siste opplevde me allereie under innsetjingsgudstenesta som fann stad samstundes som det var morsdag. Då sa Fridleif: – I dag må me ta vare på mødrene våre. For det er morsdag. Så må me ta vare på sønene våre, for det er søndag. Og i morgon må me ta vare på mennene våre, for då er det mann-dag.

– Ja, humor er viktig, og eg opplever at det opnar opp for det eg elles vil seie, smiler Fridleif, og forset:

– Når det gjeld Evangeliet er eg oppteken av å formidle det på ein pedagogisk klår og tydeleg måte. Dagens verkelegheit er full av krav som ein skal leve opp til. Men nåden krev berre at me skal tru. Ein treng ikkje å gje noko tilbake. Nåden er gratis, understrekar Lydersen.

Godt motteken
I skrivande stund har Fridleif Lydersen vore tilsett som prest ein månad. Men på denne månaden har han halde gudsteneste, båreandakt, gravferd og foretta dåp og nattverd. Han har òg halde andakt på Fitjar Bu- og behandlingssenter og Aldersheimen for å nemne noko. Og han opplever at han er blitt vel motteken alle plassar.

Før han kom til Fitjar var han tilsett som prest i Bremanger. No er han nygift og bur på Stord saman med kona Lisbeth Nygård.
Då me intervjua han var det akkurat fem månader sidan bryllaupet stod. Så var det òg Lisbeth, som no er diakon i Stord kyrkje, som gjorde at Fridleif Lydersen vende nasen sørover.

Bevisst tru som 23-åring
Det var etter at han som 23-åring opplevde ei åndeleg forløysing og kom til bevisst tru, at tanken på å bli prest dukka opp. Så bar det til MF og Oslo for prestestudiar i sju år. Her møtte han mellom anna Nobu, og seinare har dei halde venskapen vedlike. Siste praksisplass før ordinasjonen var i Sveio. Såleis vart han litt kjent med Sunnhordland allereie då.

Ordinasjonssøndagen er elles ein søndag han stadig kjem tilbake til. Det skjedde i Frøya kyrkje i Bremanger med handpålegging og bøn, og det var den første ordinasjonen biskop Halvor Nordhaug hadde etter at han vart biskop.

– Når eg seier at eg stadig kjem tilbake til denne dagen, er det fordi han stadfestar tenesta mi, seier Fridleif trygt. 

Til hausten går han aktivt inn i konfirmantarbeidet saman med kyrkjelydspedagog Silje Fyllingen som er tilbake i teneste. Elles vert det prestelege tenester som gudstenester, gravferder og diakoni det vil handle om.

Fitjarposten ønskjer Guds signing og lukke til i tenesta i Fitjar.