Tour de Stord 2016

Torstein Tengsareid vann både Stord Rett Opp og Førstemann til mølla i fjor. Er det nokon som matcher han i år? Foto: Stord Friidrett.

I 2015 arrangerte Stord friidrett for første gang Tour de Stord som betår av tre løp på ei helg, og der Stord Rett Opp inngår som siste løp. Fleire fitjarbuar tok del i fjor. Blir det fleire i år?

– I år vert det  eit meir komprimert arrangement. Det går no over to dagar, fredag 20. og laurdag 21. mai.

Første løp på ca 1500 m blir på Heiane med start kl 18:00 fredag 20. mai. Her blir det intervallstart.

Andre løp på ca 3000 m startar laurdag 21. mai kl 11:00 og går i Leirvik sentrum. Her blir det intervallstart der tidene frå fredag vert lagt til grunn.

Siste løp Stord Rett Opp (frå Lundsseter til Kattnakken)  er ca 5000 m med 500 m stigning. Det  startar laurdag ettermiddag kl 16:00. Stord Rett Opp har fellesstart, og førstemann og  kvinne til toppen er vinnar av løpet.

Vinnar av Tour de Stord blir dei som har best totaltid på alle tre løpa, men det blir også kåra vinnarar i kvart enkelt løp, opplyser Stord Friidrett.

Mange klassar
Det vert klassar for aktive løparar. I desse klassane vert det pengepremiar til vinnarane.
I år vil det likevel bli lagt mest vekt på at dette skal vera eit mosjonsløp, og det blir eigne mosjonsklassar der det viktigaste ikkje blir å vinna, men å delta og å fullføra. 

Nytt av året er klassar for lag der kvart lag består av 3 løparar som spring kvar sin etappe. Denne klassen blir for bedrifter, alle typar lag og organisasjonar, eller for kven som helst som kan samle tre deltakarar.

Det blir flotte deltakarpremiar til alle , og det blir trekning av gavekort i kvar klasse.

Sosial profil
Tour de Stord skal også ha ein sosial profil, og i år vil det bli avslutning med premieutdeling på Frugård/Arena på laurdag kveld.

Nærare informasjon om arrangementet og om påmelding vil bli å finna på stordfriidrett.no utover våren.