Avskjed med eit kyrkjeorgel – minikonsert

Torsdag 3. mars kl. 19.00 held kantor Jan Overweg ein liten konsert i Fitjar kyrkje for å ta ein avskjed med eit kyrkjeorgel.

Det nye orgelet, som skal stå ferdig om ca. eit år, får delvis den same fasaden som orgelet i Fitjar har hatt sidan 1895.

Difor blir den no demontert og frakta til orgelbyggjaren i Sverige. Før dette skjer blir det ein siste minikonsert der Jan Overweg skal prøva å henta fram det beste og kanskje vakraste frå det gamle instrumentet.

Det blir også ein orientering om orgelprosjektet.

– Velkomen til ein liten time i kyrkja vår!, seier kantor Jan Overweg.

 

buy anabolic steroids