Kosar seg i barnehagane

 

Kosar seg i Årskog barnehage. F.v. Liam, Angelica, Birger, Ella og Mathea. Foto: Håkon C. Hartvedt

Barna kosar seg i barnehagane på Fitjar. Det kunne Fitjarposten registrere då me var innom tre av dei i samband med Barnehagedagen i går, 1. mars. Fjellheim FUS barnehage markerte dagen for rundt ei veke sidan.

Alle dei tre andre hadde open dag i går, men det mangla på besøkjande. Det var ikkje foreldre eller besteforeldre på besøk i nokon av barnehagane når Fitjarposten tok ein runde i går føremiddag, men nokon hadde vore der før me kom i nokre av barnehagane. Borna såg ikkje ut til å bry seg så mykje om det. Dei koste seg med sitt – uansett.

Bakken barnehage er no den største barnehagen i Fitjar med 60 born fordelt på tre avdelingar. Eit av barnehagen sine prosjekt er venskapsbarnehagen deira  på søppelfyllinga i Kairo, som Mamma Maggie driv. Den verdskjende dama vitja då òg Bakken barnehage spesielt då ho var på Fitjar for ei tid tilbake.

I Bakken barnehage.  F.v. Knut Inge; Andreas, Jonas, Laila, Bastian og Mathea. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ute i Årskog vert me møtt med song. Ein trio som går i Fitjar Barnegospel gav til beste ein av songane dei syng der. Alle orda. Heile songen. Elles var dei i full aktivitet borna her òg. I Årskog satsar dei på kunst. Jamnleg har dei utstilling i vindauget hos Larsen, og dei lagar historier to og to som dei så teiknar etterpå.

Song møtte me òg i Fitjarstølane barnehage. Denne gongen song alle. Me kom akkurat når dei skulle ha seg mat og «Å, du som metter..» klang først frå den eine, så frå den andre frå den andre avdelinga. 

Fitjarstølane barnehage har elles sterkt fokus på språk, og borna skriv til dømes små dikt på rim – og jobbar òg på andre måtar med lydane. Eigentleg har dei eit heilt opplegg for språkleg trening tilpassa barnehagenivået.

Fitjarstølane barnehage. Borna er klar for mat. Foto: Håkon C. Hartvedt