Mykje folk og god stemning

God stemning. F.v. Miriam Almås og Modgunn Trovåg Vik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Folk nytta høvet til å sikra seg eitt og hitt då Varehuset Rydland markerte 10 år med kaffi, kake og gode tilbod i går.

 – Det har vore kjekt – og jamnt godt med folk heile tida, smilte Unn Vigdis Skåtun og Karsten Vestbøstad då Fitjarposten var innom butikken midt på dagen i går. 

Ein av kundane som sette pris på dei gode tilboda var Modgunn Trovåg Vik.

–Eg er ofte innom her, og hadde sett meg ut ein del ting allereie før det vart jubileumssal.

Kjekt med ein slik butikk i Fitjar. Så slepp me å køyre til Leirvik når det gjeld slike ting som dei fører. Dessutan synest eg det er kjekt å støtte det lokale,  seier ho.

Og ho var ikkje åleine.

I det heile tatt var det hyggeleg og god stemning mellom dei handlande.

Så står det berre att å gratulere Varehuset Rydland med 10 – års-jubileet.