Suksess for gartnarfirma i Koløyholmen 


 

Blomar ved SIM laga til av Tre og Hage AS. Foto: Tre og Hage

Firmaet Tre og Hage AS med Kjetil Lønning som dagleg leiar, har oppdragsgjevarar frå Austevoll i nord til Haugesund i sør – og har i dag seks tilsette som jobbar med hage og større utomhusanlegg.


 – Veks hekken over hovudet på deg, eller lurer du på kva tid du skal få tid til å leggje stein framfor garasjen, så du slepp desse slaghola?


Tåler grana bakom huset ein storm til, eller korleis skal me klara å få ein fin hage me klarer å halda? Er dette spørsmål du kjenner deg att i, kan det vera lurt å lesa vidare,  heiter det i ei reklame for firmaet. Og kundane er private, frå næringslivet  og det offentlege – og flest oppdrag har dei her på øya.


Komplett anleggsgartnarfirma

Tre & Hage AS er eit komplett anleggsgartnarfirma, med bedriftsadresse i Koløyholmen og lager på Heiane. 


Av oppdrag som dei kan ta på seg nemner Kjetil Lønning følgjande døme: skjering av frukttre, felling og nedrigging av tre, hageplanlegging og planting. Det same er og oppdrag som legging av belegningsstein, natursteinsmuring, opparbeiding av hagar og utomhusanlegg.


 Tre fagbrev

– Med tre fagbrev, ein autorisert arborist og ein lærling, har  me god kunnskap i faget. Me har òg god kompetanse frå landbruk og skogbruk. Noko som gjev større kunnskap og forståing for det grøne arbeidet, seier Lønning og peikar på at dei med profesjonelt verktøy kan utføre jobbane meir effektivt, samstundes som tryggleiken for tilsette, kundar og publikum vert betre. 


Foto: Tre og Hage

Siste skot på utstyrsstammen er ein nyinnkjøpt stubbefres frå Marviken AS, som har lagt ned verksemda si. – Me fører arbeidet med stubbefresing vidare i heile distriktet, smiler Kjetil.


 

Stubbefres.

– Ved nokre oppdrag hyrer me inn og koordinerer andre fag ved behov. Dette kan vere entreprenørar for større gravearbeid, eller det kan vere elektrikar om nokon ynskjer lys i hagen. Ved berre å ha eit firma å halde seg til, vert det enklare for kunden, seier han til slutt – og ønskjer velkomen til ein hyggeleg hageprat!