På hjul igjen

To av vengene under transporten i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Vengene til vindmølle 43 frå MIdtfjellet Vindkraft var i dag på hjul igjen mot Eldøyane. Resten av vindmølla vert teken ned når vêret tillet det.

I dag måtte dei ta ned krana på grunn av meldingar om kraftig vind. –Men så snart vêret tillet det, vil òg denne mølla bli teken ned og transportert vekk, seier driftsleiar Lars Helge Landa ti Fitjarposten.no.

Ny mølle som erstatning for den som brann vil truleg vere på plass i løpet av sommaren.

Laaang venge. Til høgre på vengen ser me merker etter brannen. Foto: Håkon C. Hartvedt