Målaren og bakaren Kristoffer Aarskog

Karvel Strømme har tidlegare teke initiativ til utstillingar med verk av Karl Gloppen og Magnus Hardeland. No vil han i samarbeid med familien lage til ei tilsvarande utstilling med verk av Kristoffer Aarskog. Nedanfor kan du lese ein artikkel Alf Terje Myklebust har sendt oss i samband med dette.

– – – 

Bakar og kunstmålar

På oppmoding frå Karvel Strømme i Fitjar Kunstlag, har etterkomarane etter bakaren og kunstmålaren Kristoffer Aarskog (1920-2013) samla ca 50 av måleria han etterlet seg. Dei vil verta stilt ut i Losjen i Fitjar frå og med 12. mars til 19.mars 2016.

Kristoffer var berre 17 år gamal då han i 1937 drog til Hermansverk i Sogn for å starta som lærling i det nye bakeriet til onkel og namnebror Kristoffer Årskog.

Etter fire år i Hermannsverk, vende den ferske bakarsveinen heim att til Fitjar med fagbrev og fekk jobb i Henriksens bakeri. Men han hadde lyst til å starta for seg sjølv. Den sjansen fekk han etter krigen. Då fekk han tips om at det var ledig eit lite, gamaldags bakeri i Uggdal på Tysnes. Det leigde han av handelsmannen Ole Våge, og 1. mars 1947 var han og kona Ingeborg i gang med å produsera bakarvarer på Tysnes under namnet K. Aarskog.

I 1949/50 bygde dei eit nytt, kombinert bakeri/pensjonat/bustadhus: Uggdal Dampbakeri. Det dreiv og utvikla dei gjennom dei neste førti åra, til bakeriet på det meste hadde 15-16 personar i hel- og deltidsstillingar. Dei leverte brød, kavringar og konditorvarer nordover til butikkar i Os, Fana og Bergen, og sør-vestover til fleire butikkar på Stord.

Kristoffer var ein stor humorist med treffande replikkar som sin spesialitet. Han hadde lett for å koma i kontakt med folk, og brukte mykje tid på sal og marknadsføring av eigne produkt. Konkurranseinstinkt hadde han så det heldt, og han hadde ståltru på at hans brød og kavringar var blant dei aller beste på Vestlandet. I alle fall mykje betre enn Martens sine.

Rett nok vart Kristoffer friteken for song på folkeskulen i heimkommunen Fitjar, men det var ikkje mange av medelevane som var like flinke til å teikna som han. Etter krigen tok han eit korrespondansekurs i teikning. Tilbakemeldingane frå kursleiaren var særs gode og stimulerande. Han fekk rett og slett Særs godt på alle arbeida han sende inn til vurdering.

Det var spesielt oljemåling som fascinerte Kristoffer, og lenge var det landskap som var favoritt-motivet. Men ettersom ryktet om målinga hans spreidde seg blant slekt og kundar, kom stadig fleire og spurde om han ikkje kunne måla eit bilete av heimstaden deira. Dei hadde oftast med seg svart/kvitt-bilete av motivet. Slike oppdrag tok han gjerne, for då kunne han sjølv fargeleggja bileta ut frå sin eigen, indre palett.

Han las det han kom over av litteratur om oljemålings-teknikkar og fargelære, og deltok på fleire kurs. Han var også med på fleire kollektivutstillingar i Sunnhordland. På sine eldre dagar kursa han seg også i akvarell-måling. Ein utfordrande teknikk som han likte godt å eksperimentera med.

Måleria til Kristoffer Aarskog har pryda stoveveggene i mange heimar i Sunnhordland, Bergen og vidare med.